Eigar i Heggebø friluftsbarnehage SA

Heggebø friluftsbarnehage SA er ein foreldreeigd barnehage.

Når foreldre/foresatte får tilbod om plass i barnehagen, plikter dei å bli medlem av foretaket.Medlemmer skal ikkje betale medlemskontingent. Barnehagen følgjer kommunale satser for foreldrebetaling.

Barnehagen blir dreve av eit eige styre som består av styreleiar, to foreldrerepresentantar, og ein personalrepresentant. Personlet vel sin representant. Foreldra vel styreleiar og foreldrerepresentantar på årsmøtet i februar. (Sjå vedtekter)

I ein foreldreeigd barnehage har du som forelder stor mulegheit til å vera med og påvirke innhaldet i barnehagen om du ynskjer det.