Turar

Vi som personalet er opptekne av å gi barna opplevelser av glede ved å væra på tur i skogen og naturen. Vi er på tur utanfor barnehagen minimum ein dag i veka. Vi har to flotte opparbeida turplassar, lavvo med bålplass, og gapahuk med bålplass. Når vi går hit pakkar vi med oss mat, og i vinterhalvåret lagar vi mat på bål. Eksempler på mat vi lagar er fisk og grønsaker i folie, pizza og havregraut. Vi synast også det er viktig å gi barna tid til å leike på turplassen. Vi har ikkje med oss leiker på turplassane våre, så her lærer barna og bruke fantasien. Dei finn alltid på noko, spesielt populært er det og laga seg hus og hytter, og leike med naturmaterialet dei finn.