Det spirar og gror i barnehagen

No er det om lag ein månad sidan barna sådde frø til grønsakhagen. Mange har spira og er godt i gang med vekstprosessen.

Gjennom prosjektet med grønsakhage får barna følgje med på utviklinga frå eit frø til grønsak. Det er både spennande og viktig læring å sjå kvar ting kjem frå. Neste steg blir å prikle og plante dei ut i solveggen.