Vi som personalet er opptekne av å gi barna opplevelser av glede ved å vera på tur i skogen og naturen. Vi er på tur utanfor barnehagen minimum ein dag i veka. Vi har to flotte opparbeida turplassar, lavvo med bålplass, og gapahuk med bålplass. Når vi går hit pakkar vi med oss mat, og i vinterhalvåret lagar vi mat på bål. Eksempler på mat vi lagar er fisk og grønsaker i folie, pizza og havregraut. Vi synast også det er viktig å gi barna tid til å leike på turplassen. Vi har ikkje med oss leiker på turplassane våre, så her lærer barna å bruke fantasien. Dei finn alltid på noko, spesielt populært er det å laga seg hus og hytter, og leike med naturmaterialet dei finn.