Foreldrebetaling

I Heggebø friluftsbarnehage SA har vi lik foreldrebetaling, som i dei kommunale barnehagane i kommuna.

Foreldrebetaling i barnehagen er til ei kvar tid regulert av makspris som Stortinget bestemmer. Det vil seia at 5-dagersplassen samsvarar med maksprisen. For fire og tre dagar er prisen rett under den, og der har styret eit vedtak på at vi skal følgje dei kommunale satsane.

Per i dag er satsane for barnehage:

5 dagar: kr 3.135,-

4 dagar: kr 3.055,-

3 dagar: kr 2.945,-

 

I tilegg kjem det kr 15 per dag for mat. (300 per mnd for fulltidsplass)

30% søskenmoderasjon for barn nr 2, og 50% for barn nr 3.

Det er muligheit for å søkje om reduksjon på foreldrebetaling. Kontakt barnehagen for meir informasjon