Vi er ein barnehage som har fokus på at barna skal få vere mykje ute, og bli glad i å vera ute. Vi er mykje på turar, og er opptekne av at barna skal få mulegheit til å bruke reiskap som hammar og sag. Kvardagsaktivitetar som for eksempel perling, teikning og måling er også greie å ta med seg ut. Vi er så heldige å ha både skiløype og skøytebane her på vinterstid, og på sommaren får barna ha med seg sykkel. I kvardagen prøver vi så langt veret tillet å vera ute i kjernetida som er frå kl. 9.30 - 11. Vi går ut att etter det første måltidet, og er ute også etter 14- måltidet og fram til hentetid. Vi har fokus på at barna skal bli glad i å eta mat ute, og at dei skal kjenne seg trygge ute.