Vi søkjer barnehagelærar/pedagogisk leiar i 100% fast stilling, og tilkallingsvikarar.

Heggebø Friluftsbarnehage SA er ein foreldreeigd barnehage med godkjenning for 36 plassar. Barnehagen ligg ved Heggenes, har stort uteområdet og flott natur i nærmiljøet. Vi søker deg som er engasjert og til stades for barna. Vi ynskjer oss ein medarbeidar som kan identifisere seg med våre visjonar og verdiar som friluftsbarnehage.

Vi søkjer etter:

Barnehagelærar/pedagogisk leiar 100% fast frå 15/8-19

Begynnarlønn frå 435 400 ved 0 års ansiennitet.

Du må ha godkjent barnehagelærarutdanning.

Dei som får tilbod om stilling må levere politiattest.

Tariff- og pensjonsordning gjennom Private Barnehagers Landsforbund.

 

Tilkallingvikar

Barnehagen treng fleire tilkallingsvikarar. Politiattest må leverast.

Send ein kort søknad på epost.

 

Sjå meir om barnehagen på http://heggebo.barnehage.no eller kontakt styrar, Ingrid Rogne på 97158923. Søknad med CV sendast til: heggebo_barnehage@hotmail.com Søknadsfrist 9.mai.